Årsmelding
Ei årsmelding er ein rapport frå styret og dagleg leiar som seier noko om utviklinga og føresetnadene til bedrifta for framtidig drift.
Kven skal levere?
Rekneskapspliktige som ikkje er definert som små føretak, må utarbeida ei årsmelding. Har du ei rekneskapspliktig verksemd som etter rekneskapslova kjem inn under definisjonen av "små føretak" treng du derimot ikkje utarbeide årsmelding. Eit av kriteria er blant anna at du har ei salsinntekt på under 168 millionar kroner. Dei fleste rekneskapspliktige verksemder vil vere å rekne for små i rekneskapsmessig forstand, og treng ikkje levere årsmelding.
Rekneskapslova om årsrekneskap og årsmelding
Innhald i årsmeldinga
Årsmeldinga er ei utgreiing frå styret og dagleg leiar som blant anna viser utviklinga i verksemder og føresetnader for framleis drift. Uttømmande informasjon om kva som skal vere med i årsmeldinga vert gjeven i rekneskapslova.
Rapportering på berekraftforhold trer i kraft for enkelte føretak frå og med rekneskapsåret 2024. Berekraftrapporteringa vil inngå som ein del av årsmeldinga og skal attesterast av revisor. Sjølv om det i første omgang er store selskap som har plikt til å rapportere, vil også mindre selskap bli påverka, sidan dei er ein del av verdikjeda som dei store selskapa er pliktige å rapportere om.
For å sikre samanliknbar rapportering mellom føretak, sektorar og land blir det innført krav om at føretak skal rapportere i samsvar med europeiske rapporteringsstandardar for berekraft ESRS ("European Sustainability Reporting Standards"). Standardane inneheld konkrete krav til mål og indikatorar.
Det første settet med generelle standardar, som store føretak skal følge, vart vedteke i juli 2023. Dei europeiske standardane (ESRS) er omsett til norsk og skal implementerast i norsk forskrift.
ESRS standardane omsett til norsk
Føretak med plikt til berekraftrapportering skal gi informasjon som viser både korleis dei påverkar berekraftforhold, og korleis berekraft påverkar dei, kjent som dobbel vesentlegheit. For å avgjere kva informasjon som er relevant, må føretaka vurdere kva som er vesentleg for deira interessentar.
Rekneskapslova om årsmelding for store føretak og berekraftrapportering
Endringane i rekneskapslova gjeld frå rekneskapsår som startar 1. januar 2024 eller seinare, med unntak som følger av nr. 2 til 7 i overgangsreglane.
Underskrift av årsmeldinga
For rekneskapspliktige som har styre, skal alle styremedlemane skrive under årsrekneskapen og årsmeldinga. Har verksemda dagleg leiar, skal også denne skrive under. Har den rekneskapspliktige korkje styre eller dagleg leiar, skal deltakarane eller medlemane skrive under. Altinn tek vare på underskriftkravet. Dersom ein som skal signere meldinga har innvendingar til årsrekneskapen eller årsmeldinga, skal vedkomande skrive under med signert atterhald, og forklare dette nærmare i årsmeldinga. Årsmeldinga skal vere godkjend av generalforsamlinga eller tilsvarande organ seinast seks månader etter rekneskapsårets slutt.
Rekneskapslova om underteikning av årsrekneskapen og årsmeldinga
Innsending til Rekneskapsregisteret
Er verksemda di pliktig til å utarbeide årsmelding, skal denne sendast til Rekneskapsregisteret saman med årsrekneskapen.