Bokføringsplikt
Bokføringsplikt er plikta til å føra ein rekneskap i samsvar med bokføringsreglane. Kort fortalt betyr dette at du må dokumentera inntektene og kostnadene dine.
Kva er bokføring?
Bokføring betyr å føre rekneskap. Alle kjøp og sal som påverkar verksemda skal førast i rekneskapssystemet til verksemda. Bokføring blir også kalla for registrering eller postering.
Skatteetaten om bokføring og rekneskap
Kva er bokføringsplikt?
Bokføringsplikt betyr at du må føre rekneskap etter bokføringsreglane. Desse reglane er gitt i bokføringslova og bokføringsforskrifta. I bokføringsreglane får du blant anna svar på: Kva skal ein faktura innehalde? Kva krevst av andre vedlegg? Kor lenge skal du oppbevare vedlegga? Kva krevst av rekneskapssystemet?
Kven er bokføringspliktig?
Alle som leverer næringsoppgåve og/eller mva-melding til myndigheitene er bokføringspliktige. Alle som har årsrekneskapsplikt etter rekneskapslova er også bokføringspliktige. Omgrepet rekneskapsplikt betyr at du må utarbeide og levere ein årsrekneskap til Rekneskapsregisteret. Rekneskapsplikt er avhengig av både organisasjonsform og storleiken på omsetninga.
Dei aller fleste som driv næringsverksemd må altså føre rekneskap etter bokføringsreglane. Ver merksam på forskjellen mellom bokføringsplikt og rekneskapsplikt.
Bokføringslova om bokføringspliktige
Kor ofte må eg føre rekneskapen?
Du må sørge for å ha ført alle vedlegga slik at rekneskapen er korrekt innan fristane for rapportering av ulike oppgåver til myndigheitene. Er du mva-pliktig og leverer mva-melding kvar andre månad må du følgeleg vere ajour seks gonger i året. Dersom du ikkje er mva-pliktig må du etter bokføringsreglane minst vere ajour kvar fjerde månad.
Har du mindre enn 600 vedlegg i året og ikkje er mva-pliktig kan du avvente bokføringa til du skal sende inn skattemeldinga. Det blir likevel anbefalt å gjere dette jamleg. Eit ryddig system for å ta vare på vedlegga undervegs er uansett alltid ein fordel.