Dokumentasjon av balansen (avstemmingar)
Før du avsluttar rekneskapsåret må du sørgje for å avstemme alle rekneskapskontoar av betydning i balansen.
Formål med avstemming
Avstemming bidreg til å sikra nøyaktigheita i rekneskapen. Du skal kunne dokumentere kva som ligg bak kva enkelt saldo i balansekontoane. Dette er med på å sikre at dei opplysningane som vert gjevne i rekneskapen er korrekte.
Eksempel på avstemmingar:
- Saldoen på rekneskapskontoen for bank må stemme med saldoen som kjem fram på kontoutskrifta frå banken
- Saldoen på rekneskapskontoen for skuldig arbeidsgjevaravgift skal stemme med det du faktisk er skuldig i følgje innsende a-meldingar
- Saldoen på rekneskapskontoen for skuldig meirverdiavgift, skal stemme med ubetalt meirverdiavgift for siste termin
- Rekneskapskontoen for kasse skal stemme med det faktiske beløpet i kassa
- Rekneskapskontoen for varelageret skal stemme med dei varene som faktisk er på lager. Dette vert dokumentert med lister frå vareteljing
Oppbevaring av dokumentasjonen
Vareteljingslister og alt som er med på å dokumentere balansepostane dine er ein del av rekneskapsmaterialet. Dette må du oppbevare i 5 år.
Rekneskapsstiftinga – NBS 5 – dokumentasjon av balansen
Bokføringslova om dokumentasjon av balansen
Bokføringsforskrifta om dokumentasjon av balansen