Rapportering om berekraft

Nye reglar i rekneskapslova om berekraftsrapportering blir trinnvis innførte. Frå og med rekneskapsåret 2024 skal nokre store føretak av allmenn interesse rapportera på berekraft.


Frå og med 2024: Store føretak av allmenn interesse 

Frå og med rekneskapsåret 2024 skal store føretak av allmenn interesse (med meir enn 500 tilsette) legge fram berekraftrapportering. Dette omfattar noterte føretak, bankar, kredittføretak og forsikringsføretak. Føretak av allmenn interesse følgjer som hovudregel reglane for store føretak, uavhengig av balansesum, salsinntekter og gjennomsnittleg tal på tilsette i rekneskapsåret.

Frå og med 2025: Store føretak  

Frå og med rekneskapsåret 2025 skal store føretak legge fram berekraftrapportering, både noterte og unoterte. 

Frå og med 2026: Små og mellomstore noterte føretak  

Frå og med rekneskapsåret 2026 skal små og mellomstore noterte føretak legge fram berekraftrapportering. Dei kan likevel vente med berekraftrapportering til 2028, under føresetnad av at dei gir ei kort fråsegn i årsmeldinga om kvifor rapporteringa er utsett.

Unntak for mikroføretak  

Mikroføretak skal følgje reglane for små føretak. Noterte føretak som er mikroføretak, er likevel unntatt frå berekraftrapportering.

Berekraft for små føretak

Små føretak har ikkje krav til eiga berekraftrapportering, men blir påverka indirekte når dei er ein del av verdikjeda til større føretak med rapporteringsplikt. Mindre føretak kan arbeide med berekraft ved å bruke standardar som til dømes NSRS (Nordic Sustainability Reporting Standard) og VSME (Voluntary Sustainability Micro-Enterprise Standard). NSRS er tilpassa nordiske forhold, medan VSME er ein frivillig EU-standard for små føretak. Desse standardane hjelper føretak med å fokusere på energieffektivitet, redusert avfall og ansvarlege innkjøp. Ved å følgje slike rammeverk kan små føretak møte krav frå større føretak og forbetre si eiga konkurranseevne, noko som gir ein enklare veg til berekraftig drift.

Føretakskategoriar og storleiksgrenser

Rekneskapsloveaom berekraftsrapportering

Om overgangsreglane

Åpne kontaktskjema