Frivillig meirverdiavgiftsregistrering
Enkelte verksemder som i utgangspunktet ikkje er mva-pliktige, kan søkje om frivillig registrering i Meirverdiavgiftsregisteret.
Kven kan frivillig registrerast?
Følgjande verksemder kan registrerast frivillig i Meirverdiavgiftsregisteret:
- utleigar av bygg og anlegg til mva-pliktig verksemd
- bortforpaktarar av landbrukseigedom
- utbyggjar av vann- og avløpsanlegg
- skogsvegforeiningar
- verksemder som stiller baneanlegg til disposisjon for mva-pliktig verksemd.
Frivillig mva-registrering gjev rett til frådrag for inngåande mva på anskaffingar til verksemda. Søknad om frivillig registrering blir gjord på Skatteetatens nettsider.