Utgåande og inngåande avgift
Utgåande avgift er mva som du skal rekne ut og krevje inn når du sel varer og tenester, så framt at du er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret.
Utgåande avgift
Utgåande avgift skal reknast både ved omsetning til andre næringsdrivande og til vanlege forbrukarar. Du skal også rekne utgåande avgift når du som registrert næringsdrivande tek ut varer eller tenester til privat bruk. Det skal også som hovudregel reknast mva når du tek ut ei vare frå den avgiftspliktige delen av verksemda som skal nyttast i den avgiftsunntatte delen.
Inngåande avgift
Inngåande avgift er mva som er inkludert i prisen når du kjøper ei avgiftspliktig vare eller teneste til verksemda di. Er du mva-registrert vil du kunne frådragsføre inngåande mva mot utgåande mva i mva-meldinga di.
Eksempel på utrekning av utgåande og inngåande avgift
Butikken AS, som er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, kjøper inn varer i ein mva-periode for kr 62 000,- inkludert mva. I same periode sel bedrifta varer for kr 150 000 eksklusiv mva. I mva-meldinga skal du trekkje inngåande mva frå utgåande mva.
Omsetning | Utrekning | Mva | Sum |
---|---|---|---|
Solgt varer for kr 150 000,- ekskl. mva | 150 000 x 25/100 = kr 37 500,- | Utgåande avgift | 37 500,- |
Handla varer for kr 62 000,- inkl. mva | 62 000 x 25/125 = kr 12 400,- | Inngåande avgift | 12 400,- |
Du må betale i mva. | 37 500 - 12 400 = kr 25 100,- | Differanse | 25 100,- |
I eit rekneskapsprogram vil alt dette reknast ut automatisk, og du vil normalt få skriven ut ein rapport lik den du skal sende inn til skattekontoret.