Aksjonærregisteret

Alle aksjeselskap skal kvart år sende inn ei aksjonærregisteroppgåve (RF-1086) til Aksjonærregisteret hos Skatteetaten. Denne leverer du elektronisk via Altinn.


Aksjonærregisteroppgåva

Aksjonærregisteroppgåva skal innehalde opplysningar som har betydning for skattlegginga av aksjonærane. Ho dannar grunnlag for "Aksjar og eigenkapitalbevis" som vert send til aksjonærane for bruk i skattemeldinga.

Aksjonærregisteroppgåva kan du sende inn etter kvart som eventuelle endringar skjer, men ho må seinast sendast innan 31. januar i året etter inntektsåret. Det er den sist innsende oppgåva som vil vere den gjeldande.
Nystifta selskap skal levere aksjonærregisteroppgåva sjølv om selskapet ikkje er registrert i Føretaksregisteret innan årets slutt.

Skatteetaten – om levering av aksjonærregisteroppgaven

Selskap som er avvikla i løpet av året, skal også sende inn aksjonærregisteroppgåva. Oppgåva skal sendast til aksjonærregisteret sjølv om det ikkje har vore endringar i løpet av året.

Tvangsmulkt

Du kan bli ilagd døgnmulkt på 1 234 kroner per døgn om du leverer for seint, unnlet å rapportere eller om det openberre feil i dei opplysningane som blir rapporterte. Mulkta kan ikkje overstige 62 150 kroner. Pass på fristane og lever i tide.

Skatteetaten om tvangsmulkt

Åpne kontaktskjema