Skatt for aksjeselskap

Eit aksjeselskap er ei eiga juridisk eining og eit eige skattesubjekt. Det vil seie at selskapet sjølv er ansvarleg for å rapportere inn og betale skatt. Du som eigar (aksjonær) blir berre skattlagd av det som du tar ut i lønn eller utbytte frå selskapet.


Utrekning av skatt

Det skal bereknast 22 prosent skatt av overskotet i eit aksjeselskap. Skatten, som blir kalla for forskotsskatt, skal likevel ikkje blir betalt før året etter at overskotet er tent opp.

Du betaler først forskot i 2-terminar i februar og april. Endeleg oppgjer skjer i oktober og er basert på levert skattemelding.

For at selskap som er nyregistrerte i oppteningsåret, skal få utskriven skatt, må det sendast inn søknad om endring av/krav om forskotsskatt for upersonlege skattytarar. Søknaden blir send via Skatteetaten.no.

Ved ønske om endring av forskotsskatt, for eksempel på grunn av endringar i inntektene, bruker du same søknadsløysing. For selskap registrerte før det året du rapporterer for, blir forskotsskatten rekna ut på grunnlag av siste fastsetting.

Selskap som er nyregistrerte i 2023 skal ikkje betale skatt før i 2024, og skal ikkje levere RF-1097 i 2023.

Skatteetaten om forskotsskatt aksjeselskap og andre

Betaling

Skatten skal betalast i to like terminbeløp i løpet av første halvår året etter inntektsåret. Fristane er 15. februar og 15. april.

Dersom du reknar med at innbetalt skatt er for låg i forhold til inntekta slik at selskapet kan risikere restskatt, kan du innan 31. mai betale tilleggsforskot.

Oversikt over kor mykje som skal betalast i skatt, blir sendt ut av Skatteetaten via Altinn i januar. Sørg for at kontaktinformasjonen til selskapet ditt er oppdatert i Altinn, slik at du kan få e-postvarsel når dette er tilgjengeleg.

Du vil få innbetalingsblankett send med konto- og KID-nummer. Betalinga skjer til Skatteetaten. Dersom du ønsker å betale tilleggsforskot, må du generere KID-nummer på Skatteetatens nettsider. Her finn du også riktig kontonummer. Ved behandling av skattemeldinga blir eventuell restskatt rekna ut, og du får i så fall tilsend innbetalingsblankett.

Skatteetaten - lag KID-nummer for skatt

Rapportering

Skattemeldinga for selskapet skal sendast inn til Skatteetaten innan 31. mai. 

Både aksjeselskap utan omsetning i inntektsåret (skattemeldingsperioden), og selskap som blei stifta mot slutten av inntektsåret - men ikkje registrerte i Føretaksregisteret før året etter, må sende inn skattemelding.

Frå og med inntektsåret 2023 må aksjeselskap sende inn skattemeldinga via rekneskaps- eller årsoppgjersprogram.

Rapportering av utbytte

Utdeling av utbytte blir rapportert av selskapet via Aksjonærregisteroppgåva.

Selskap som eig aksjar i anna selskap

Selskap som eig aksjar i eit anna selskap blir som hovudregel fritatte for skattlegging av gevinstar og utbytte på aksjar (fritaksmetoden). Dette gjeld som hovudregel selskap heimehøyrande i normalskatteland innanfor EØS. Tap gir tilsvarande ikkje rett til frådrag. Skattelova § 2-38 har nærmare reglar om kva for selskap og samanslutningar som blir omfatta og om kva inntekter og tap som er omfatta. Desse reglane blir omtalte som fritaksmetoden.

Det er likevel ein sjablongregel som inneber at tre prosent av inntektene som er fritatte for skatteplikt etter fritaksmetoden, likevel skal reknast som skattepliktig inntekt.

Sjablongregelen omfattar berre aksjeutbytte som fell inn under fritaksmetoden og utdeling frå selskap med deltakarfastsetting. Gevinstar ved realisasjon av aksjar blir ikkje omfatta av tre-prosentregelen. Heller ikkje gevinst og utbytte i konsernforhold innanfor EØS (skattemessig konsern) skal omfattast, noko som fører til at det ikkje skal reknast skatt av slike gevinstar.

Skatte-ABC om fritaksmetoden

Åpne kontaktskjema