Skatt for norskregistrert utenlandsk føretak (NUF)

Eit NUF er ei avdeling av eitt utanlandsk føretak. Det må derfor for kvar enkelt verksemd takast stilling til om føretaket eller NUF'et vil vere skattemessig heimehøyrande i Noreg eller i heimlandet til føretaket.


Skattemessig tilhøyrsle

Noko forenkla kan vi seie at i eit NUF som er oppretta av eit føretak i utlandet, og der heile verksemda vert styrt og driven i Noreg, vil både føretaket og NUF'et normalt vere skattemessig heimehøyrande i Noreg og dermed skattepliktig til Noreg for heile verksemda si.

Skatteetaten om utenlandske selskap

Dersom føretaket er heimehøyrande i utlandet og styreleiinga går føre seg i utlandet, vil berre avdelinga vere skattepliktig til Noreg for verksemda som vert driven gjennom fast forretningsstad i Noreg. Dette gjeld også verksemd som består i utleige av arbeidskraft, og som vert driven for eiga rekning og risiko i Noreg.

Skatteplikta vil likevel kunne avgrensast dersom NUF'et vert leia frå utlandet og ikkje har fast forretningsstad eller heimstad i Noreg. Også skatteavtalar mellom Noreg og heimlandet vil kunne ha betydning for skatteplikta. Du bør derfor sette deg inn i eventuelle skatteavtalar. 

Utrekning av skatt

Skatteutrekninga for NUF, som er skattepliktige til Noreg, vil vere avhengig av kva for organisasjonsform det utanlandske selskapet har. For utanlandske selskap med avgrensa ansvar (tilsvarande for eksempel aksjeselskap) skal det reknast 22 prosent skatt av overskotet i Noreg. Skatten, som vert kalla forskotsskatt, skal likevel ikkje betalast før året etter at overskotet er opptent.

For at NUF'et skal få rekna ut skatt, må det sendast inn søknad om endring av/krav om forskotsskatt for upersonlege skattytarar. Søknaden blir send via Skatteetaten.no. Ved ønske om endring av forskotsskatt, for eksempel på grunn av endringar i inntektene, nyttar ein same søknadsløysing.

For NUF som også tidlegare har levert skattemelding i Noreg, reknar ein forskotsskatten på grunnlag av den siste fastsetjinga.

Betaling

Skatten skal betalast i to like terminar i løpet av første halvår året etter inntektsåret. Fristane er 15. februar og 15. april.

Dersom du reknar med at innbetalt skatt er for lågt i forhold til inntekter, slik at du kan risikere restskatt, kan du innan 31. mai betale tilleggsforskot.

Oversikt over kor mykje som skal betalast i skatt, vert send ut av Skatteetaten via Altinn i januar. Sørg for at kontaktinformasjonen til NUF'et er oppdatert i Altinn, slik at du kan få e-postvarsel når dette er tilgjengeleg.

Det blir sendt ut innbetalingsblankett med konto- og KID-nummer. Betalinga skjer til Skattetaten, eventuelt til Skatteoppkrevjar utland. Dersom du ønskjer å betale tilleggsforskot, må du generere KID-nummer på Skatteetatens nettsider. Her finn du også riktig kontonummer for innbetaling.

Skatteetaten - lag KID-nummer for skatt

Ved behandling av skattemeldinga vert eventuell restskatt rekna ut, og du får i så fall tilsendt innbetalingsblankett.

Rapportering

Skattemeldinga for avdelinga skal sendast inn til Skatteetaten via Altinn innan 31. mai. Norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) skal levere skattemeldinga i rekneskapssystem eller årsoppgjerprogram, på same måte som aksjeselskap (AS).

Nokre utanlandske NUF, som er omfatta av EØS-regelverket, kan få dekt lisens av Skatteetaten til årsoppgjerprogram.

For å falla inn under dette regelverket må selskapet

  • høyra heime i ein EØS-stat
  • ha under 5 millionar i omsetning i Noreg
  • ha mellombels verksemd i Noreg

Ta kontakt med Skatteetaten via kontaktskjema og vel kategorien "Norskregistrert utanlandsk føretak" dersom dette gjeld verksemda di. I kontaktskjemaet må de oppgje namn og e-postadresse til representant for selskapet med signaturrett.

Også NUF utan omsetning i inntektsåret, eller som vart registrerte mot slutten av inntektsåret, må sende inn skattemelding.

Åpne kontaktskjema