Forretningsmodell
Forretningsmodellen er eit arbeidsverktøy for å modellere ideen din. Den gjev deg oversikt over korleis du skal realisere forretningsidéen i praksis og tene pengar.
Verktøy for utvikling og dialog
Forretningsmodellen viser korleis forretningsidéen kan realiserast, og er eit fint verktøy når du skal kommunisere idéen til potensielle kundar, samarbeidspartnarar og finansieringsinstitusjonar.
Sentrale spørsmål som skal svarast på i forretningsmodellen din er:
- Kva skal du levere?
- Kven er kundane?
- Kven er eventuelle konkurrentar og kven er samarbeidspartnarar?
- Korleis skal du selje?
- Korleis skal du levere?
- Korleis skal du få betalt?
- Korleis skal du skape forteneste?
Eit levande dokument
Forretningsmodellen bør vere "eit levande dokument", og blir tilpassa når du får ny informasjon om prosjektet ditt. Når du arbeider med forretningsmodellen din, startar du med enkle skisser. Etter kvart som du testar ut og får stadfesting på det du tenkjer å gjere, vil forretningsmodellen spissast og konkretiserast. Du bør ha fokus på å utvikle ein forretningsmodell som ikkje berre er økonomisk levedyktig, men som òg tek omsyn til miljømessige og sosiale faktorar for å bygge ein berekraftig forretningsmodell.
Tenk berekraft
Du bør ha fokus på å utvikla ein forretningsmodell som ikkje berre er økonomisk levedyktig, men som også tek omsyn til miljømessige og sosiale faktorar for å byggja ei berekraftig verksemd. Dette kan gi deg konkurransefortrinn. Innovasjon Noreg har utarbeidd eit introduksjonskurs om berekraft som kan vera nyttig for deg
Innovasjon Noreg - introduksjon til bærekraft
Korleis utvikle ein forretningsmodell?
Det finst ulike framgangsmåtar for å lage ein forretningsmodell. Hos Innovasjon Noreg kan du lese meir om ulike metodikkar og verktøy for å byggje forretningsmodellen din.
Innovasjon Norge – korleis lage ein forretningsmodell
Frå forretningsmodell til forretningsplan
Når du har ein forretningsmodell som du vil gå vidare med, kan du utarbeide ein forretningsplan. I forretningsplanen gjev du ei meir detaljert forklaring av forretningsmodellen, med fokus på korleis du skal gjennomføre etableringa. Ved utarbeidinga av forretningsplanen lagar du også nødvendige oppstartsbudsjett.