Lag nødvendige oppstartsbudsjett

Det er viktig å ha oversikt over lønnsemda i verksemda du planlegg ved å lage realistiske budsjett.


Kvifor lage budsjett?

Budsjetta gjev ei oversikt over den planlagde økonomiske utviklinga til verksemda og hjelper deg å forstå kva oppstarten vil koste. Viktige spørsmål som du bør kunne svare på er; Kva kostar oppstarten, og korleis tenkjer du at han skal finansierast? Har du nok pengar til å betale rekningane som kjem? Vil verksemda kunne overleve på sikt? Eit godt og realistisk budsjett vil gje deg svar på mange av spørsmåla dine.

Budsjetta vil også vise om du har nok pengar på kontoen til å betale rekningane og hjelper deg å vurdere lønnsemda. Saman med rekneskapen er budsjetta sentrale styringsdokument for deg.

Budsjettarbeid for etablerarar og gründerar

Budsjetta, saman med ein forretningsplan (plan for korleis du skal drive verksemda), utgjer ein viktig del av avgjerdsgrunnlaget ditt. Før du startar verksemda bør du utarbeide tre hovedbudsjett:

  • Oppstartsbudsjettet - Viser kor mykje pengar du må rekne med å bruke for å starte opp (kapitalbehovet).
  • Driftsbudsjettet - Viser lønnsemd i drifta.
  • Likviditetsbudsjettet - Viser om du har evne til å betale forpliktingane dine.

Kva kostar oppstarten?

Oppstartsperioden vert ofte kjenneteikna ved at utgiftene er større enn inntektene, og at det kan ta lengre tid enn du har planlagt å få gjennomført det første salet. Det kan godt hende at du i oppstartsbudsjettet må berekne pengar for å dekkje levekostnader den første tida. Eit godt råd er å få oversikt over kva du treng, kva det kostar, når det skal skaffast og korleis du skal finansiere det.

Oppstartsbudsjettet (kapitalbehovet)

Oppstartsbudsjettet viser ei oppstilling over kva du treng for å kome i gang og kva det kostar. Det er viktig at du å inkludere alle eingongskostnader i samband med oppstarten og sørge for at du har tilstrekkelig finansiering til oppstarten og den første driftsperioden.

Vanlege postar i oppstartsbudsjett

Kva for postar du bør ta med i oppstartsbudsjettet varierer, avhengig av kva du skal drive med. Ein hugseregel er å ta med kostnader som må vere på plass før du kan starte salet. Kva du treng kan variere frå bransje til bransje. Du kan få mykje kunnskap om kva som er typisk oppstartkostnader for deg ved å snakke med nokon som har erfaring frå den bransjen du skal starte opp i eller ein rettleiar.

Eksempel på ofte brukte postar i eit oppstartsbudsjett:

  • Lokale: Kjøp, oppussing, husleige fram til oppstart.
  • Inventar: Innkjøp av nødvendig inventar.
  • Transportmiddel: Innkjøp av bil.
  • Kontorutstyr: Nødvendig utstyr, telefon, PC.
  • Varelager.
  • Produksjonsutstyr: Nødvendig for å kunne produsere.
  • Verktøy: Nødvendig for å kunne utføre oppdrag.
  • Oppstartmarknadsføring: Logo, domene, nettside, m.m.
  • Kurs, opplæring: Nødvendig for å starte opp.

Oppstartsbudsjett.xlsx

Driftsbudsjett (resultatbudsjett)

Driftsbudsjettet fortel kor stort overskot/underskot som kan forventast. Start budsjettarbeidet med å lage gode kalkylar. Dette gjer budsjettarbeidet enklare. Når du byrjar budsjetteringa må du minst ha ei oppfatning om kva du skal selje og til kva for pris, kva varene kostar i innkjøp, kven kundane dine er, og kor store kostnader du vil ha for å kunne selje varene eller tenestene.

Du bør også forsøkje å setje opp eit budsjett månad for månad, slik at du har kontroll heile vegen. Når du samanliknar budsjettet med den verkelege rekneskapen vil du fort sjå om du er på rett veg. Viser det seg at du sel for mindre enn forventa, vil du fange det opp mykje tidlegare, slik at du kan setje i verk eventuelle tiltak så fort som mogleg.

Utan erfaringstal kan det kan vere vanskeleg å lage budsjett for dei første driftsåra. I oppstarten er det viktig at du tenkjer nøye gjennom kva for kostnader som vil oppstå det første driftsåret. Når du har drive ei stund og har erfaringstal vil dette gjere budsjettarbeidet enklare. Eit tips er at du set opp eit så realistisk budsjett som mogleg og fordeler tala per månad. Då har du noko å styre etter den første tida. Det kan vere lurt å overvurdere kostnadene og undervurdere inntektene. Er budsjettarbeidet vanskeleg kan det vere mykje hjelp å hente hos ein rettleiar eller ein rekneskapsførar.

Driftsbudsjett.xls

Likviditetsbudsjett

Når du skal lage eit likviditetsbudsjett som tar utgangspunkt i driftsbudsjettet ditt, vil det vise deg om du har nok pengar på kontoen til å betale løpande utgifter til riktig tid. Om nokre periodar har større utgifter enn inntekter har du moglegheit til å planleggje korleis du skal dekkje dette inn. Det kan for eksempel vere aktuelt å ta opp eit kassakredittlån for å kunne betale rekningane ved forfall. For nyetablerte verksemder er dette ofte eit av dei viktigaste budsjetta å styre etter, då dei fleste har avgrensa middel tilgjengeleg.

Likviditetsbudsjett.xls 

Åpne kontaktskjema