Rapporteringspliktene dine

Alle som driv næringsverksemd i Noreg har plikt til å rapportere ulike forhold til det offentlege, uavhengig av om du driv stort eller smått.


Kva må rapporterast?

Kva som må rapporterast vert bestemd blant anna av kva for organisasjonsform du driv, i kva for bransje, kva du sel og kva for hendingar som inntreff. Likevel er det nokre rapporteringsplikter som gjeld dei aller fleste. Sjølv om du driv aleine må du sende inn skjema til statlege myndigheiter, som oftast innanfor økonomi, skatt og avgifter. Før du startar opp kan det vera ein god idé å setja deg inn i dei ulike rapporteringspliktene.

Rapporteringsplikter som gjeld dei aller fleste:

Skattemelding

Årleg må du rapportere om økonomien til verksemda til Skatteetaten i form av ei skattemelding. Organisasjonsforma og omfanget bestemmer kva for krav det vert stilte til rekneskapen og dokumentasjonen.

Skatteetaten om skattemelding for næringsdrivande

Årsregnskap

Alle rekneskapspliktige verksemder, som til dømes aksjeselskap, må i tillegg sende inn årsrekneskapen til Brønnøysundregistera.

Brønnøysundregistera om innsending av årsrekneskap første gong

A-melding

Verksemder som betalar ut lønn skal kvar månad levere inn ei a-melding. Her gjev ein opp informasjon om lønn, arbeidsgjevaravgift og skattetrekk for tilsette. Du må levera a-melding sjølv om du driv verksemda åleine og er einaste tilsette.

Mva-melding

Meirverdiavgiftspliktige verksemder skal levere mva-melding annankvar månad.

Aksjonærmelding

Aksjeselskap skal kvart år sende inn ei aksjonærregisteroppgåva til Skatteetatens aksjonærregister. Dette er ei oversikt over kven som var aksjeeigarar i selskapet i året som gjekk.

Andre rapporteringspliktar

Ulike hendingar kan medføra rapporteringsplikt. Det kan til dømes vera ei arbeidsulykke, sal av aksjar eller endring i styret for verksemda eller vedtekter. Statistisk sentralbyrå kan ha behov for å innhenta opplysningar frå verksemda di og då kan du rekna med å få tilsendt skjema for å rapportera inn opplysningar til den offisielle statistikken i Noreg.

Bransjar med eigne reglar

Ei rekkje bransjar har eigne krav til rapportering til Skatteetaten:

Skatteetaten – bransjar med eigne reglar

Oppgaveregisteret

Oppgåveregisteret hos Brønnøysundregistera gir oversikt over kva opplysningar verksemda di kan bli pålagt å innrapportera til statlege styresmakter. Ver merksam på at kommunale og fylkeskommunale rapporteringsplikter ikkje er med i denne oversikta.

Brønnøysundregistera - finn dine rapporteringsplikter

 

Åpne kontaktskjema