Treng du hjelp til oppstarten?
Ved oppstart av eiga verksemd kan du få tips og råd frå gode hjelparar i regionen din. Du kan få rettleiing, delta på kurs eller bli kopla til eit nettverk med andre som skal, eller har, starta eiga verksemd.
Kven kan hjelpe deg?
Rettleiingstenesta i kommunen
Ein av dei gode hjelparane er den lokale rettleiingstenesta for etablerarar i kommunen din. Det kan vere næringsansvarleg i kommunen, næringsutviklingsselskap eller andre som står til rådigheit som rådgivarar og rettleiarar for deg.
Tilbodet kan variere frå kommune til kommune, men eit fellestrekk er at dette er personar med bransjekunnskap og kjennskap til lokale forhold som kan gi rettleiing før, under og etter oppstart. Avklar så tidleg som mogleg kva type hjelp du kan få hos rettleiingstenesta i kommunen din.
Innovasjon Norge
Innovasjon Norge har utarbeidd ei god oversikt over lokal rettleiing for etablerarar, inkubatorar, næringshagar og andre hjelparar.
Innovasjon Norge - oversikt over lokal rettleiing for etablerarar
Ved å logge inn på Mi side hos Innovasjon Norge kan du få tilbakemelding på idéen din.
Innovasjon Norge - kva kan Innovasjon Norge hjelpe deg med?
Kva hjelp kan du få?
Rettleiingstenesta for etablerarar lokalt kan hjelpe deg med ulike ting, Her er ei oversikt over noko av det du kan få hjelp til:
- få ein diskusjonspartnar for planlegging og oppstart
- få informasjon og rettleiing om å starte og drive eiga verksemd
- få ein møteplass der du kan treffe andre etablerarar og gründerar
- få tilbod om kurs og seminar
- bli kopla til eit nettverk
Innovasjon Norge kan hjelpe deg som er tidleg i etableringsfasen med:
- rettleiing i verktøy og tenester som kan bidra til at du lukkast med etableringa
- rådgiving for oppstart av verksemd
- vurdere mogleg finansiering av oppstart
- tilby kurs og kompetanse for oppstart av verksemd
- kople til eit nettverk
Innovasjon Norge - tenester ved oppstart
Gratis kurs for nye næringsdrivande
Innovasjon Norge - frå idé til marknad
Det er viktig å vere ute i marknaden for å få tilbakemeldingar på idéen din. Innovasjon Norge arrangerer korte gratiskurs om korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle idéen din.
Innovasjon Norges kurskalender - frå ide til marknad
Innføringskurs for nye næringsdrivande
Skatteetaten arrangerer kurs tilpassa deg som nettopp har starta verksemd. Kursa er gratis, og du kan følgja anten digitale webinarer eller fysiske kurs i Oslo.