Unngå fallgruvene

God planlegging og førebuingar aukar sjansane for å lukkast med å starte di eiga verksemd. Med desse tipsa vil du kunne unngå dei vanlege fallgruver under oppstarten og i den første tida etter at du er komen i gang.


Gjer ei realistisk vurdering av kva etableringa vil krevje

Før du startar bør du vurdere om du har uthaldet og dei personlege eigenskapane som krevjast? Kor stor er arbeidskapasiteten din og korleis er evnene dine som bedriftsleiar? Å starte ei verksemd kan fort krevje mykje av deg - og dine nærmaste. Dei fleste klarar dette i ein periode, men tenk over om du er villig til å ofre ferie, fritid og tid med familien for å realisere draumen din. Forsøk å anslå kor mange timar du vil trenge på å kome i drift, og førebu dine nærmaste på dette.

Ikkje overvurder marknaden

Mange etablerarar antek at marknaden er større enn han eigentleg er. Undersøk marknaden grundig før du startar for fullt. Spør potensielle kundar om problemet ideen skal løyse faktisk opplevast som eit problem. Hent inn relevant marknadsinformasjon og juster planane etter innspel frå kundane før du tek viktige avgjerder.

Innovasjon Noreg - korleis lukkast med idéen din?

Lag eit realistisk budsjett

Ei vanleg fallgruve er å ikkje lage realistiske budsjett for oppstartsfasen. Ofte vert inntektene overvurderte, mens kostnadene vert undervurderte. Dette kan føre til problem med å betale forpliktingane dine. Sjå til å inkludere alle kostnader når du lagar budsjett for oppstartsfasen og minst det første driftsåret.

Innovasjon Noreg - korleis lukkast med idéen din?

Vel passande organisasjonsform

Vel ein organisasjonsform som passar til den risikoen du påtek deg og omfanget av det du skal byrje med. Eksempelvis kan det vere fornuftig å starte eit aksjeselskap i staden for eit enkeltpersonføretak dersom du tek ein stor økonomisk risiko.

Finn gode samarbeidspartnarar

Leit etter samarbeidspartnarar som er gode på andre område enn deg sjølv. Dei kan bidra til at du lukkast med oppstarten.

Sjekk alle formalitetar

Set deg godt nok inn i krava som vert stilte for verksemda di og kva som må rapporterast og til kven. Du kan få problem om du ikkje overheld fristane for å rapportere til ulike offentlege etatar. For eksempel får du gebyr dersom rapportering og innsending kjem for seint inn. Hugs at verksemda har rapporteringsplikter til offentlege myndigheiter sjølv om ho ikkje har aktivitet.

Sørg for god økonomistyring

Fakturér kunden så snart oppdraget er utført eller salet er gjennomført. Det er viktig å få pengane inn raskt for å oppretthalde god likviditet, og evna di til å betale forpliktingane dine i tide. Er oppdraget stort kan du avtale delfakturering undervegs. Lag skriftlege oppdragsavtalar med kundane der du får med når det skal fakturerast og kva som skal skje dersom det oppstår endringar i oppdraget. Eit endringsbilag er ein avtale mellom to partar som gjer endringar i ein eksisterande kontrakt.

Skaff hjelp

Dersom du ønsker å føre rekneskapen sjølv må du sette deg inn i de nødvendige krava. Har du ikkje tid eller kompetanse til å føre rekneskapen sjølv, bør du skaffe deg hjelp til dette. Då frigjer du tid til det du kan best, og som gjev pengar i kassa. Feil i utrekning av skatt og meirverdiavgift kan bli kostbart, og du må ha hjelp til å rette opp i dette etterpå.

Ha gode avtalar

Driv du saman med andre er det viktig å unngå usemje om drift og vegval. Før oppstart bør du derfor utarbeide ein avtale med samarbeidspartnarane dine som tek høgde for både "gode og onde dagar". Døme på slike avtalar er aksjonæravtale for aksjeselskap og kompanjongavtale for ansvarlege selskap.

Skaff deg nok kapital til oppstartsfasen

Det tek ofte lengre tid enn forventa å kome ordentleg i gang. Då tek det også lengre tid før inntektene kjem på konto. Samstundes må du ha pengar til å betale forpliktingane dine innan fristen. Sørg derfor for å ha nok kapital til å finansiere oppstarten.

Åpne kontaktskjema