Firmaattest
Ein firmaattest er ei offisiell oversikt over ei verksemds organisasjonsnummer, føretaksnamn, forretningsadresse, eventuell kapital, styremedlemmer, dagleg leiar, -og signatur med meir. Når eit føretak blir registrerte i Føretaksregisteret blir ein slik attest sendt til føretaket sin innboks i Altinn.
Bestille firmaattest for eige føretak
Dersom du seinare ønskjer ein oppdatert versjon av firmaattesten kan du laste denne ned gratis. Dersom verksemda ikkje er registrert i Føretaksregisteret kan du ikkje bestille firmaattest, men du kan laste ned ei registerutskrift med opplysningar frå Einingsregisteret.
Bestille firmaattest for andre føretak
Dersom du ønskjer å sjå firmaattesten til eige eller anna føretak kan du bestille dette gratis i Brønnøysundregistera sin nettbutikk.
Brønnøysundregistera – bestilling av utskrifter, attester og kopier