Starte og registrere ei foreining
Når du skal starte ei foreining må du velje namn, utarbeide vedtekter og stifte foreininga. Deretter kan foreininga registrerast.
Føresetnader for å starte ei foreining:
- Ei foreining må ha minst to stiftarar.
- Både fysiske personar og einingar (eksempelvis aksjeselskap eller andre foreiningar) kan vere stiftarar.
Stifte og registrere foreining
For å registrere ei foreining må du fylle ut skjemaet Samordna registermelding. Skjemaet leverer ein enklast elektronisk via Altinn. Det er også mogleg å nytte papirblanketten "Forenkla blankett for foreiningar".
Ei foreining vert normalt stifta ved at det vert oppretta eit stiftelsesdokument. Dersom foreininga ønskjer eit organisasjonsnummer må foreininga registrerast i Einingsregisteret.
Brønnøysundregistera om stiftelse og registrering av foreining
Brønnøysundregistera – stiftelsesdokument for foreining
Brønnøysundregistera – vedtekter for foreining
Brønnøysundregistera – forenkla skjema for foreiningar
Brønnøysundregistera – Rettleiing til samordna registermelding – forenkla skjema for foreiningar
Når foreininga er registrert elektronisk får innsendaren svar på registreringssøknaden i sin "Innboks" i Altinn.
Namn på foreiningar
Det er ingen spesifikke namnekrav for foreiningar. På tenesta namnesøk kan de sjekke om namnet de vurderer er ledig.
Frivilligregisteret, grasrotdel og momskompensasjon
Dersom foreininga driv frivillig aktivitet, kan de velje å registrere ho i Frivilligregisteret. Å være registrert i Frivilligregisteret er ein nødvendig føresetnad for å kunne få midlar frå ulike tilskotsordningar for frivillig verksemd, blant anna grasrotdelen. Verksemder registrert i Frivilligregisteret har også moglegheita til å søkje om momskompensasjon gjennom momskompensasjonsordninga.
Grasrotdelen er ei ordning som gir alle som deltek i enkelte av Norsk Tipping sine spel moglegheit til å velje at ein del av speleinnsatsen deira skal gå til ein spesifikk frivillig organisasjon. Det er ein føresetnad at organisasjonen berre driv frivillig verksemd på lokalt eller regionalt nivå.
Momskompensasjonsordninga er ei tilskotsordning der frivillige organisasjonar, kan søkje om å få kompensert meirverdiavgift som dei har betalt ved kjøp av varer og tenester. Lotteri- og stiftelsestilsynet har ansvaret for ordninga.
Registreringa i Frivilligregisteret kan gjerast når ein registrerer foreininga, eller i ettertid.
Papirskjema for nedlasting – tillegg for registrering av foreining i Frivillighetsregisteret
Brønnøysundregistera – rettleiing til skjema for registrering i Frivillighetsregisteret
Lotteri- og stiftelsestilsynet om momskompensasjon
Skatteetaten om meirverdiavgift for velgjerande og allmennyttige organisasjonar
Skatteetaten om skatt for frivillige og ideelle organisasjonar
Kor lang tid tek det?
Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera vil variere gjennom året.
Brønnøysundregistera – oversikt over saksbehandlingstider
Kva kostar det?
Registrering i Einingsregisteret og Frivilligregisteret er gratis. Ved registrering i Einingsregisteret får foreininga eit organisasjonsnummer.
Skal foreininga drive næringsverksemd må ho registrerast i Føretaksregisteret. Registrering i Føretaksregisteret kostar 2 656 kroner ved elektronisk registering, og 3 205 ved registrering på papirskjema.