Starte og registrere eit aksjeselskap (AS)
Når du skal starte eit aksjeselskap må du velje namn, stifte selskapet og skaffe aksjekapital. Deretter skal selskapet registrerast.
Føresetnader for å starte eit aksjeselskap:
- Eit aksjeselskap kan stiftast av ein eller fleire personar. Både fysiske personar og juridiske personar (eksempelvis aksjeselskap) kan vere stiftarar.
- For å vere stiftar eller ha ei anna rolle i eit aksjeselskap må du ha fylt 18 år (og ikkje vera idømd konkurskarantene eller rettstap som hindrar deg i å stifta eller å ha rolle i det aktuelle selskapet).
- Selskapet må ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse som vert oppgjeven med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse vert ikkje godteken). Selskapet kan eventuelt ha ei eiga postadresse i tillegg til forretningsadressa.
Stifte og registrere aksjeselskap
Slik stiftar og registrerer du eit aksjeselskap der stiftarane og dei som skal ha roller i selskapet har norsk fødselsnummer eller d-nummer.
- Stift aksjeselskapet ved å fylle ut og signere skjemaet "Stifting av aksjeselskap"
- Be banken om å opprette ein aksjekapitalkonto. Betal inn aksjekapitalen (minimum 30 000 norske kroner) og be om stadfesting frå banken. (Stadfestinga kan også gjevast av revisor, advokat eller autorisert rekneskapsførar).Viss heile eller delar av innskotet skal bestå av anna enn kontantar er det berre revisoren som kan stadfeste innbetalinga.
- Registrer aksjeselskapet ved å følgje lenkja "Gå til registrering i Føretaksregisteret" i meldinga du har mottatt i "Innboks" i Altinn. Du må legge ved stadfesting av innbetalt aksjekapital må leggjast ved. (Ved innskot med andre eigedelar enn pengar, må det i tillegg leggjast ved ei forklaring og stadfesting til revisor av denne.
- Send meldinga til signering. Då får du tilsendt meldinga elektronisk og kan signera meldinga. Heile styret må signere meldinga elektronisk, og den som har stadfesta innbetalinga av aksjekapitalen må signere denne elektronisk. Har aksjeselskapet valt å ha revisor må revisoren signere elektronisk på meldinga.
Når selskapet er registrert får innsendaren beskjed om dette i "Innboks" i Altinn.
Manglar nokre av stiftarane norsk fødselsnummer eller d-nummer?
- Stift aksjeselskapet ved å utarbeide stiftelsesdokument og vedtekter. Stiftelsesdokument må og bli signert av alle stiftarane.
- Be banken om å opprette ein aksjekapitalkonto. Betal inn aksjekapitalen (minimum 30 000 norske kroner) og be om stadfesting frå banken. (Stadfesting kan også gjevast av revisor, advokat eller autorisert rekneskapsførar. Viss heile eller delar av innskotet skal bestå av anna enn kontantar er det berre revisor som kan stadfeste inbetalinga).
- Registrer aksjeselskapet ved å nytte skjemaet Samordna registermelding.
Registrér aksjeselskapet (skjema Samorda registermelding – hovedblankett)
Legg ved stiftelsesdokument, vedtekter og stadfesting på innbetalt aksjekapital. (Ved innskot med andre eigedelar enn pengar tingsinnskudd må det i tillegg leggjast ved ei eventuell forklaring og stadfestinga til revisor av denne.) - Send meldinga til signering og signer meldinga. Heile styret må signere meldinga elektronisk, og banken (eventuelt revisor, advokat eller autorisert rekneskapsførar) må signere elektronisk på stadfestinga om at aksjekapitalen er innbetalt. Har aksjeselskapet valt å ha revisor må revisoren signere elektronisk på meldinga.
Når selskapet er registrert får innsendaren beskjed om dette i «Innboksen» i Altinn.
Manglar nokre av dei som skal ha ei rolle i selskapet norsk fødselsnummer eller d-nummer?
- Stift aksjeselskapet ved å utarbeide stiftelsesdokument og vedtekter. Stiftelsesdokumentet må signerast av alle stiftarane.
- Be banken om å opprette ein aksjekapitalkonto. Betal inn aksjekapitalen (minimum 30 000 norske kroner) og be om stadfesting frå banken. (Stadfestinga kan også gjevast av revisor, advokat eller autorisert rekneskapsførar). Ved innskot med andre eigedelar enn pengar (tingsinskot) er det berre revisor som kan stadfesta innbetalinga, og det må i tillegg leggjast ved ei forklaring og revisor si stadfesting av denne.
- Registrer aksjeselskapet ved å fylle ut papirskjema for registrering av aksjeselskap (Samordna registermelding – Hovudblankett) og søknad om d-nummer (eit skjema for kvar person som har behov for d-nummer fordi dei skal ha ei rolle i føretaket).
Registrér aksjeselskapet (skjema Samorda registermelding – hovedblankett)
Rettleiing til Samordna registermelding
Brønnøysundregistera – søknad om d-nummer
Legg ved orginal stadfesting på innbetalt aksjekapital og stadfesta kopi av gyldig legitimasjon for den eller dei som søkjer om d-nummer.
Send skjemaa samla til postadressa som står oppgjeven på skjemaet for Samordna registermelding - Hovudblankett.
Når registreringa er ferdig behandla vert svaret sendt til innsendaren.
Brønnøysundregistera om stiftelse av aksjeselskap
Brønnøysundregistera om registrering av aksjeselskap (AS)
Utanlandsk statsborgar
Dersom du er statsborgar i eit land utanfor EU/EØS, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du ha opphaldsløyve for arbeid. Vilkåra for slik løyve finn du hos Utlendingsdirektoratet (UDI).
Namn på aksjeselskap
Aksjeselskap må ha nemninga "aksjeselskap" eller forkortinga "AS" bakarst føretaksnamnet. Les meir om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).
Frist for registrering
Melding om registrering av selskapet må vere mottatt av Føretaksregisteret seinast tre månader etter at føretaket er stifta. Selskapet er stifta når den siste stiftaren har underteikna stiftelsesdokumentet. Selskapet kan normalt ikkje ta på seg forpliktingar før det er registrert.
Kor lang tid tek det?
Sendar du inn meldinga elektronisk gjennom Altinn vil saka bli teken til behandling innan ti arbeidsdagar etter at den er motteken. Har du i tillegg nytta skjemaet for elektronisk stiftelse, blir saka teken til behandling innan fem arbeidsdagar etter at den er motteken. Saksbehandlingstidene for registrering per post er lengre, og varierer gjennom året.
Brønnøysundregistera – oversikt over saksbehandlingstider
Kva kostar det?
Registrering av eit aksjeselskap kostar 5 784 kroner ved elektronisk registrering i Altinn, og 6 940 ved registrering på papirskjema.
Når registreringa er ferdig behandla får selskapet eit organisasjonsnummer.
Drive aksjeselskap
Før du registrerer eit aksjeselskap bør du setje deg inn i reglane for drift av aksjeselskap.