Starte og registrere enkeltpersonføretak

Dersom du skal registrere eit enkeltpersonføretak må du velje namn på føretaket og beskrive aktiviteten du skal drive. Her får du oversikt for kva som krevst for å starte eit enkeltpersonføretak, og korleis du går fram når du skal registrere det.


Vurderer du å starte enkeltpersonføretak?

Veit du kva som skal til for å lykkast og kva det krev av deg? Oppstartsrettleiaren skal førebu deg på kva det inneber å ha eit enkeltpersonføretak. Rettleiaren gir informasjon om kva du bør tenkja på og korleis du bør gå fram.

For å starte eit enkeltpersonføretak må du:

  • planleggje å drive næringsverksemd
  • ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse og oppgjeven med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse blir ikkje godteken)
  • ha fylt 18 år (Dersom du er over 15 år kan du registrere enkeltpersonføretak med løyve frå føresette/verje og Statsforvaltaren (Søknad om godkjenning frå  statsforvaltaren) vel "Søknad om godkjenninga til statsforvaltaren til å gjere andre disposisjonar på vegner av person med verjemål" etter innlogging i skjemaet) 

Registrere enkeltpersonføretak

Slik registrerer du eit enkeltpersonføretak dersom du har norsk fødselsnummer eller d-nummer(Dersom du har d-nummer er det ein føresetnad at du har vore til ID-kontroll hos Skatteetaten. Har du ikkje vore til ID-kontroll vil du få brev om at dette må gjerast før registreringa kan fullførast.):

  1. Registrer enkeltpersonføretaket ved å fylle ut skjemaet Samordna registermelding i Altinn.
  2. Dersom du har avtale med ein rekneskapsførar eller revisor, må hen stadfeste oppdraget ved å signere meldinga elektronisk.
  3. Send meldinga til signering. Du vil få ei signeringsmelding i innboksen din i Altinn og kan signera meldinga.
  4. Når føretaket er registrert får du melding om dette i din Innboks i Altinn. Om elektronisk signering

Har du ikkje norsk fødselsnummer eller d-nummer?

  1. Registrer enkeltpersonføretaket ved å fylle ut og signere papirblankettane "Søknad om d-nummer til personar samtidig med registrering i Brønnøysundregistera" og "Forenkla registermelding – Blankett for enkeltpersonføretak":

    Brønnøysundregistera – søknad om d-nummer

    Brønnøysundregistra – forenkla registermelding – Blanket for registrering av enkeltpersonføretak

    Rettleiing – forenkla registermelding for enkeltpersonføretak

  2. Send skjemaa samla til postadressa som står oppgjeven på skjemaet "Forenkla skjema for registrering av enkeltpersonføretak". Legg ved stadfesta kopi av gyldig legitimasjon.
  3. Når d-nummer er tildelt må du bestilla tid for ID-kontroll hos Skatteetaten.
  4. Når ID-kontroll er gjennomført vil Brønnøysundregistera behandla registreringa.

Utanlandsk statsborgar

Dersom du er statsborgar i eit land utanfor EU-/EØS, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du ha opphaldsløyve for arbeid. Vilkåra for å søkje opphaldsløyve finn du hos Utlendingsdirektoratet (UDI).

UDI – søk om opphaldsløyve

Namn på enkeltpersonføretak

I enkeltpersonføretak må etternamnet ditt vere ein del av føretaksnamnet. Du kan i tillegg velje eit marknadsføringsnamn på verksemda. Les meir om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).

Kva kostar det å registrere eit enkeltpersonføretak?

Å registrere eit enkeltpersonføretak i Einingsregisteret kostar 2 499 kroner ved elektronisk registrering(ved registrering på papirskjema er gebyret 3 146 kroner).

Enkeltpersonføretak treng som hovudregel ikkje å registrera seg i Føretaksregisteret. Informasjon om kva enkeltpersonføretak som må registrerast i Føretaksregisteret finn du under lenka "Brønnøysundregistera om registreringsplikt i Føretaksregisteret for enkeltpersonføretak."

Å registrera enkeltpersonføretak både i Einingsregisteret og Føretaksregisteret kostar 2 656 kroner ved elektronisk registrering(ved registrering på papirskjema er gebyret 3 205 kroner).

Registrering i Føretaksregisteret i ettertid kostar 2 120 kroner ved elektronisk registrering(ved registrering på papirskjema er gebyret 2 668 kroner).

Du får tildelt eit organisasjonsnummer når registreringa er behandla.

Brønnøysundregistera - slik registrerer du eit enkeltpersonføretak

Brønnøysundregistera om registreringsplikt i Føretaksregisteret for enkeltpersonføretak

Kor lang tid tek det?

Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera varierer gjennom året.

Brønnøysundregistera – oversikt over saksbehandlingstider

Sjekk status på din sak hos Brønnøysundregistra

Drive enkeltpersonføretak

Du kan lese om drift av enkeltpersonføretak her.

Åpne kontaktskjema