Opphavsrett
Opphavsrett (eller copyright – ©) er retten til litterære og kunstnariske åndsverk, for eksempel eit musikkstykke, ei bok, eit maleri, brukskunst eller ein film. Ei oppfinning, eit design eller eit varemerke kan ha vern etter åndsverklova utan å vere registrert.
Kva inneber opphavsretten?
Opphavsretten gir den som skaper åndsverket einerett til å laga eksemplar av verket, og til å gjera verket tilgjengeleg for allmenta.
Åndsverkslova gir også opphaveren ideelle rettar, dvs. rett til å bli namngitt slik god skikk tilseier og rett til å gripa inn mot krenkjande bruk.
Opphavsrett eller copyright kan ikkje registrerast, men må slåast fast av domstolane.