Fellesmerke og garanti- eller kontrollmerke
Ei foreining av næringsdrivande kan få einerett for medlemane til å bruke eit varemerke eller eit anna kjenneteikn for varene eller tenestene sine. Dette kan for eksempel vere ei foreining for målarar, legar eller hesteoppdrettarar.
Kva er fellesmerke og garanti- eller kontrollmerke?
Statlege organ, stiftelsar, selskap eller liknande som fører kontroll med varer eller tenester, kan registrere kontroll- og garantimerke for å visa at produktet er sertifisert eller kontrollert. Dette kan for eksempel vera miljømerke, kontrollmerke eller liknande. Merket kan brukast på dei varene norma eller kontrollen gjeld for.
Disse merka følgjer reglane for varemerke, men må i tillegg ha eigne reglar for bruken av merket. Søknad om fellesmerke sender du til Patentstyret via Altinn. Du må betale eit søknadsgebyr før søknaden vert behandla. Du kan velje om du vil betale når du leverer søknaden, eller få tilsendt faktura.