Aksjeselskap (AS)

Planlegg du å starte næringsverksemd aleine eller saman med andre? Inneber næringsverksemda ein økonomisk risiko? Vil du ha rettar som arbeidstakar og moglegheita til at andre vil investere i selskapet ditt? Då kan aksjeselskap vere ein formålstenleg organisasjonsform.


Kva kjenneteiknar eit aksjeselskap:

  • Avgrensa personleg ansvar
  • Rettar som tilsett
  • Eigen juridisk person
  • Kan ha ein eller fleire eigarar

Kva er aksjeselskap?

Aksjeselskap er ein egen juridisk person og du som eigar er ikkje ansvarleg for meir enn den aksjekapitalen som er betalt inn. Aksjelova krev at aksjeselskap må ha ein aksjekapital på minimum 30 000 kroner. 

Aksjekapitalen sikrar at det er eit minimum av pengar i aksjeselskapet, men ein oppstart vil ofte ha høgare kostnader enn dette.. Når du etablerer aksjeselskapet bør du derfor ha pengar ut over aksjekapitalen som kan dekkje kostnadene til aksjeselskapet (fri eigenkapital).

Det avgrensa ansvaret, fleksibiliteten og at aksjane kan omsetjast gjer at eit aksjeselskap kan vere eigna dersom du planlegg etableringa med fleire eigarar og moglegheita for å få investorar til å satse pengar på selskapet.

Aksjelova angir kva for reglar aksjeselskapet må ta stilling til.

Aksjelova

Moment som er viktig for deg å ta stilling til når du vurderer å etablera aksjeselskap:

Økonomisk risiko

Å starta opp eit aksjeselskap er ikkje risikofritt, men kan redusera det personlege ansvaret du tek som eig. Bakgrunnen for det er at aksjeselskapet er ein eigen juridisk person. Du som eig har ikkje større økonomisk ansvar enn det som du betaler inn til selskapet, normalt i form av aksjekapital. Eigar(ne) må likevel forventa å stilla ytterlegare garanti dersom det nystarta aksjeselskapet ønskjer å ta opp lån.

Derfor seier me gjerne at jo større økonomisk risiko jo meir fornuftig er det å starta eit aksjeselskap.

Sentralt i vurderinga av økonomisk risiko står kapitalbehov og omfang på verksemda. For å svara på dette må du ta stilling til kva kostnader oppstarten medfører, og kva investeringsbehov det er. Det kan også vera fornuftig å stilla seg spørsmål om omfanget, til dømes skal du driva for deg sjølv og skaffa deg sjølv ei inntekt? (lågare risiko) Eller planlegg du for fleire tilsette og vekst? (høgare risiko). Jo større kapitalbehov og omfang, jo meir økonomisk risiko vil du normalt ta.

Tilsett

Ein av fordelane med å etablere eit aksjeselskap er at du som eigar også kan vere tilsett i selskapet. Som tilsett i eiget aksjeselskap har du like sosiale rettar som andre arbeidstakarar. Aksjeselskapet har arbeidsgivaransvar for deg og du skal ha utbetalt lønn.

Eigaren av aksjeselskapet kan velje å ikkje vere tilsett sjølv om han/ho arbeider i selskapet. Utbetalinga frå aksjeselskapet til eigaren kan då skje som utbyte. Du opparbeider deg ikkje sosiale rettar av det som vert utbetalt som utbyte.

Sosiale rettar 

Sjukepengar

Som eigar og tilsett har du krav på 100 prosent sjukepengar frå første sjukedag. Men ver merksam på at NAV dekkjer sjukepengane frå dag 17. Dei første 16 kalenderdagane er det aksjeselskapet som arbeidsgivar som skal betale sjukepengar.

Dagpengar

Som eigar og tilsett i aksjeselskapet opparbeider du rett til dagpengar ved arbeidsløyse, på lik linje med andre arbeidstakarar. Vilkåra for å få dagpengar finn du hos NAV.

NAV om dagpengeordninga

Pensjon

Som eigar og tilsett i aksjeselskapet tener du opp pensjonsrettar av det du får i lønn, på lik linje med andre arbeidstakarar. Ver merksam på at ved overgang til pensjon vil dei fleste få ein betydeleg inntektsreduksjon. Dersom selskapet har fleire tilsette vil det normalt ha plikt til å teikne ei tenestepensjonsordning for sine tilsette.

Skatt

Overskotet i eit aksjeselskap vert skattlagt med 22 prosent. Skatten vert betalt i to terminar året etter inntektsåret.

Det kan vedtakast å betale ut utbyte i eit aksjeselskap. Utbyte til personlege aksjonærar vert skattlagt med 37,8 prosent i inntektsåret 2024, mens utbyte til selskap som eig aksjar i eit anna selskap (selskapsaksjonærar) er tilnærma friteke skattlegging.

For selskapet og eigarane under eitt kan samla skattesats bli 51,5 prosent i aksjeselskap. Dersom selskapet ikkje deler ut utbytte betyr det at selskapet kan opparbeida seg kapital som blir skattlagd med 22 prosent.

Skatt for aksjeselskap

Meirverdiavgift 

Meirverdiavgift (mva) er ei omsetningsavgift på varer og tenester. Enkelte varer og tenester er unntatte frå mva, eller har reduserte satsar. Eit aksjeselskap som har hatt meirverdiavgiftspliktig omsetning på meir enn 50 000 kroner i løpet av ein periode på 12 månader må registrere seg i Meirverdiavgiftsregisteret.

Skatteetaten – registrering i Meirverdiavgiftsregisteret

Rekneskap

Med næringsverksemd følgjer normalt bokføringsplikt. Det betyr at du må ta vare på dokumentasjonen av inntekter og kostnader og setje desse i eit system. Aksjeselskap vil i tillegg ha rekneskapsplikt. Det inneber at selskapet årleg skal levere årsrekneskap til Rekneskapsregisteret. Dersom du ikkje har særleg kunnskap om rekneskapsføring bør du vurdere å setje bort denne jobben til ein rekneskapsførar.

Alle aksjeselskap med mindre enn 7 millionar kroner i omsetning kan normalt velje bort revisjon av årsrekneskapen.

Roller i aksjeselskap

Generalforsamlinga er aksjeselskapet si øvste myndigheit og det er aksjonærane i selskapet som har møte- og stemmerett.

Styret blir valt av generalforsamlinga og skal bestå av minst ein person. Ein styremedlem må vere myndig. Styremedlemmen kan ikkje vera gitt konkurskarantene eller idømt rettstap. Styret møtest ved behov.

Styret er ansvarleg for drifta og organiseringa av selskapet.  Selskapet kan velje å ha dagleg leiar, denne blir tilsett av styret. Dagleg leiar og minimum halvparten av medlemmene i styret må vera busett i Noreg eller annan EØS-stat, Storbritannia eller Sveits.

I mange aksjeselskap har eigaren aleine alle desse rollene. Ver merksam på at desse krava gjeld uavhengig av storleiken på selskapet.

Brønnøysundregistera om roller i aksjeselskap

Aksjelova om krav til bustad

Løyve

Innanfor enkelte bransjar må ein ha løyve for å drive eiga næringsverksemd. Døme på dette er serveringsverksemd og reinhaldstenester.

Planlegging

Å starte eit aksjeselskap er ei stor og viktig avgjerd. Det kan også vere dyrt og tidkrevjande å få ideen din gjennomført. For å vite kva som krevst av deg er det viktig å bruke god tid på planlegging før du registrerer aksjeselskapet ditt.

Registrering og organisasjonsnummer

Registrering av aksjeselskap skjer via Samordna registermelding i Altinn. 

Etter at selskapet er registrert får du tildelt organisasjonsnummeret til føretaket.

 

Åpne kontaktskjema