Tilskott til StudentEntreprenørskap (STUD-ENT)

Er de studentar ved eit norsk universitet eller høgskule med ein forretningside og har ambisjonar om å starta bedrift? Har de undersøkt om det finst eit behov eller marknad for ideen? Har de etablert eit team som ønskjer å jobba med dette? Då kan de søkja Innovasjon Noreg om inntil 1 million kroner i tilskot til utvikling og kommersialisering av løysinga.


STUD-ENT er ei årleg utlysing som rettar seg mot studentar som skal etablera eiga bedrift basert på kunnskap tileigna gjennom studiane. Dei må ha ein innovativ idé, dokumentert marknadsaksept og stort vekstpotensial for å få støtte frå Innovasjon Noreg.

Formålet med ordninga er å utvikla ein skalerbar og berekraftig forretningsmodell rundt ein forretningsidé, og utvikla nye løysingar som marknaden etterspør.

Innovasjon Norge om STUD-ENT

Åpne kontaktskjema