Legg til rette for norsk deltaking i European Chips Act

Regjeringa foreslår å løyve 40 millionar kroner årleg til norsk deltaking i EU si satsing på halvleiarar.


– Norsk deltaking i Chips Act skapar moglegheiter for norske verksemder i verdikjeda for halvleiarteknologi og er viktig for norsk konkurranseevne og beredskap, seier næringsminister Cecilie Myrseth.

Halvleiarteknologi er strategisk viktig for mange industrielle verdikjeder som 5G og kunstig intelligens. Norsk halvleiarindustri er ein del av ei global verdikjede som vert påverka når det skjer forstyrringar i marknaden.

Noreg har ein sterk forskingsbase for mikrobrikker, med selskap som leverer produkt internasjonalt. Noreg har også relevant material- og prosesskunnskap og produksjon av silisium.

– Dette er ein kunnskaps- og forskingsintensiv industri som vi heier på og som er viktig for ei rekkje bransjar. Difor foreslår regjeringa ei løyving på 40 millionar kroner per år i perioden 2025-2027. Midla skal dekkje norsk deltaking i forskings- og innovasjonssamarbeidet innanfor Chips Act, seiar Myrseth.

Regjeringa arbeider og med ei vurdering av korleis European Chips Act samla kan innarbeidast i EØS-avtalen, som i siste instans må forankrast i Stortinget.

Les heile pressemeldinga her

Kjelde: Nærings- og fiskeridepartmentet, 07.10.2024

Åpne kontaktskjema