Vil bruke over 770 millionar kroner for å få fleire i jobb
Regjeringa styrkjer innsatsen for å få fleire inn i arbeidslivet. Det skjer gjennom auka satsing på arbeidsmarknadstiltak og nye tilbod til unge. Målet er å få fleire i jobb og færre på trygd.
– Arbeidskrafta er den viktigaste ressursen vår. Den blir det stadig større kamp om, og skal vi hauste, må vi så. Derfor aukar vi investeringane i arbeidskrafta, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
I dag står rundt 620 000 personar utanfor arbeid, utdanning eller arbeidsmarknadstiltak. Regjeringa har sett seg ambisiøse mål om å auke sysselsettingsdelen for befolkninga i alderen 20-64 år til 82 prosent innan 2030, og vidare til 83 prosent innan 2035.
Regjeringa er bekymra for dei mange unge som står utanfor både arbeid og utdanning.
For å møte denne utfordringa, føreslår regjeringa å utvikle betre lågterskeltilbod og meir tilpassa tenester for dei mest sårbare unge. I tillegg skal det etablerast eit forsøk med eit nytt arbeidsretta ungdomsprogram med inntektssikring, der nedsett helsetilstand ikkje er eit krav for å delta.
500 fleire VTA-plassar neste år
Regjeringa vil også trappe opp bruken av varig tilrettelagde arbeidsplassar (VTA) til personar som mottek uføretrygd eller som står i fare for å bli uføretrygda, og med behov for spesiell tilrettelegging og tett oppfølging.
Regjeringa føreslår derfor å auke løyvinga til VTA med 73,5 kroner. Det gir rom for rundt 500 nye plassar neste år.
Dei 500 nye plassane inkluderer både plassar i førehandsgodkjente verksemder (VTA-S), som er oppretta med tilrettelagt arbeid som hovudføremål og plassar i ordinære verksemder (VTO) som tilset VTA-deltakarar etter avtale med NAV.
Auken er i tråd med regjeringa sin fireårige opptrappingsplan for VTA. Der blir det tatt sikte på å auke talet på plassar med om lag 2 000.
Regjeringa føreslår å:
- Auke løyvinga til arbeidsmarknadstiltak, inkludert personellressursar i Nav, med 500 millionar kroner for å få fleire i jobb og færre på trygd.
- Etablere eit arbeidsretta ungdomsprogram med ny inntektssikring. Regjeringa vil starte forsøket hausten 2025 og føreslår 30 millionar kroner til ei ny løysing for saksbehandling.
- Styrke Jobbsjansen med 68 millionar kroner for å få fleire innvandrarkvinner i jobb.
- 17 millionar kroner til å utvikle fleire lågterskeltilbod og meir tilpassa tenester for unge med samansette problem.
- Auke driftsløyvinga til NAV med 75 millionar for å styrke den arbeidsretta oppfølginga på NAV-kontora.
- Auke løyvinga til varig tilrettelagt arbeid (VTA), inkludert personellressursar til Nav, med 73,5 millionar kroner samanlikna med saldert budsjett 2024.
- Bruke 10 millionar kroner på å etablere eit digitalt kompetansetilbod retta mot ukrainarar i Noreg, for å betre bruken av kompetansen deira.
Les hele pressemeldingen her.
Kilde: Arbeids- og inkluderingsdepartementet, 07.10.2024